Текстов песен в базе: 1 278 222
Likvake

Likvake

Glittertind

Текст песни

Så sit eg her og klemmer din hand
Den som no er kald
Og minna slår og strøymer i meg
Frå livet du gav til du fall
I kveld skal djevelen vandre sin veg
Demonar skal miste si tru
For eg skal vake over min skatt
Og kysse eit siste god natt
Den dagen då du heldt kring min kropp
Og jubla over mitt skrik
Du kviskra meg i øyret og sa
At me var perfekte slik
Eg møtte verda så hjelpelaust
Men du kunne syne ei bru
For du såg slik ein fager skatt
Og kyste meg kjærleg god natt
Eit blafrande ljos jagar skugge svart
Og skremmer burt ormar og angst
Din hud er så bleik under månen blank
Men sjela di skal snart
Få stråle langs himmelen bjart
I kveld skal djevelen vandre sin veg
Demonar skal miste si tru
For eg skal passe på deg min skatt
Og kysse eit siste god natt
Поделиться ссылкой:
Короткая ссылка: https://tekstpesni.ru/s/5PXu

Тексты других песен исполнителя

© 2017–2025 Тексты песен
Все тексты песен на сайте размещены пользователями, редакцией или собраны из открытых источников.
При копировании материалов ссылка на сайт обязательна.
Связаться
Уважаемые обладатели прав на музыку! На сайте не выкладывается музыка, ее нельзя скачать, послушать и тому подобное.