Текстов песен в базе: 1 278 222
Fangegard

Fangegard

Vreid

Текст песни

Det kom som lynnedslag, gjekk som skred
Den gangen det slo oss ned
Det overmektige mange
No går det langsamt — Atter vår
Og Noreg er ein fangegard
Kvar nordmann er ein fange
Usynleg piggtård tett i tett
Spent ut i eit forgreina nett
Om skritt, om ord, om tankar
Ja, du kan sitta fast ein dag
Om berre dine hjarteslag
For openhjartig bankar
Kvar nordmann er i fangeskap
For den som har med ærestap
Kjøpt friteikn frå tyrannen
Er ikkje nordmann meir
Men sjølv
Ein vaktar
Eller vaktars trell
Med trellens teikn i panna
Men dei skal hugsast — Bli ein sum
Som kviler i oss, tung og stum
Og vel kan overmakta
Få lært ein modig fot gå
Men alder norske hjarter til slå
I denne fengselstakta
Поделиться ссылкой:
Короткая ссылка: https://tekstpesni.ru/s/5j4a

Тексты других песен исполнителя

© 2017–2025 Тексты песен
Все тексты песен на сайте размещены пользователями, редакцией или собраны из открытых источников.
При копировании материалов ссылка на сайт обязательна.
Связаться
Уважаемые обладатели прав на музыку! На сайте не выкладывается музыка, ее нельзя скачать, послушать и тому подобное.