Текстов песен в базе: 1 278 222
Bonden Og Berget

Bonden Og Berget

Jan Eggum

Текст песни

Grått og gamaIt og kvitt og kaldt
famnar fjellet om sine små.
Trollet sit traust inni berget det blå,
stor og stø, og passar på.
Menneskekryp og anna maur
sår og haustar og sankar gryn,
men om bonden vil dra til by’n
høyres frå berget: Kor skal du hen?
Kjem du’kje att før sola renn,
slepp eg deg ikkje inn.
Svart av sorger og fri eksos
lokkar byen med kunstig vår.
Bonden har aldri sett lettare kår,
eg kan bli til neste år!
Her kan eg festa natta lang,
gå til jobben i ro og mak,
jobba jamnt under kjempetak,
søkja stipend og førtidspensjon,
kjøpa meg bil og telefon.
Rik kan eg reisa heim.
Stinn av setlar og varm av vin
bankar bonden på bergets port.
Vakna no, vaktmann, og slepp meg inn fort
elles skyt eg fjellet bort.
Trollet er trøytt og talar tregt:
Dynamitt kan du spara deg.
Daud er dalen som ligg hos meg.
Her er det fred som då eg var ung.
Vegen attende vart lang og tung.
Du skulle høyrt på meg.
No kan du angra deg.
Поделиться ссылкой:
Короткая ссылка: https://tekstpesni.ru/s/4cpm

Тексты других песен исполнителя

© 2017–2025 Тексты песен
Все тексты песен на сайте размещены пользователями, редакцией или собраны из открытых источников.
При копировании материалов ссылка на сайт обязательна.
Связаться
Уважаемые обладатели прав на музыку! На сайте не выкладывается музыка, ее нельзя скачать, послушать и тому подобное.