Текстов песен в базе: 1 278 222
Eukalyptustreet

Eukalyptustreet

Solefald

Текст песни

Trei stend lenger enn menneski
Dei er sverd som veks or jordi
I ein japansk hage i Argentina
Andar dei stilt under jagarflyi
Eukalyptustreet segjer inkje
Kva det tenkjer, det undrast eg på
«Ingen dictador lever lenger enn eit tre
Me vil eige verdi etter menneski
Sjå på oss no, våren er vår siger
Greinene strekker me rakt i vêret
Me er naturens kveisande keisarar
På ei gudlaus jord er det me som er gudar
Me eig dykk
Me eig dykkar vesle liv
Me eig dykk på ryggen i jordi
Me eig dykk med andletet ned
Me eig dykk der de sig i kne
Me eig dykk som stel safirar
Me eig dykk like til dauden
Me eig dykk directores gordisimes
Me eig dykk som skjemmer mødrer
Me eig dykk, og me meiner ålvor
Me kann få dykk i tale med motorsagi
Hogg os ned, og me vil vekse upp att
Men um me ein dag høgg dykk ned
Då vert det heile yver for menneski"
Slik trur eg eukalyptustreet tenkjer
Поделиться ссылкой:
Короткая ссылка: https://tekstpesni.ru/s/2nze

Тексты других песен исполнителя

© 2017–2025 Тексты песен
Все тексты песен на сайте размещены пользователями, редакцией или собраны из открытых источников.
При копировании материалов ссылка на сайт обязательна.
Связаться
Уважаемые обладатели прав на музыку! На сайте не выкладывается музыка, ее нельзя скачать, послушать и тому подобное.